mandag 3. oktober 2011

Min Dialekt

Eg kjem frå Hedmark, og snakkar austnorsk. Eg har budd på litt forskjellege plassar, så eg har blitt litt påverka av forskjellege dialektar. Kjenneteikn til dialekta mi er blant anna «je», tykk L, men ellers tilnærma bokmål. Eg budde fyrst på hamar, der snakka dei så og si bokmål, men dei hadde tjukk L. Deretter flytta eg til Tolga, som liggar i Østerdalen. Der snakkar dei eldre ganske bredt, dei brukar ord som «je», «itte» og så vidare. Dei har forkortingar for blant anna han og ho, kvar dei brukar bare «n» og «a». Men dei yngre snakkar ikkje fullt så brett. Så eg ble ikkje påverka meir enn og til si blant anna «je». No som eg bur i Trondheim, har eg blitt litt påverka, men ikkje så mye. Sidan det er såpass forskjelleg dialekt til det eg er vant med.

I dialekta mi er endevokalen i infinitiv i E-mål. Altså infinitivane endar på E.

Eg brukar tjukk L i to samanhengar. På den vanlege måten i mange dialektar: som Ola, blå osv. Men også på den måten at RD bliver til L. Som i hard-hal, jord-jol.

Målmerke: eg har trykk på første stavinga i ord som butikk, avis og stasjon. Eg har naturligvis rulle-r. I diftongane ei og øy brukar eg e og ø. Som i reise-rese, og røyk-røk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar